Foreldra mine hadde Svenes camping, og det var stor stas med alle folka som var innom, særleg dei som kom att år etter år, som vi vart ekstra godt kjende med. Då eg var 12 år, vart eg med på Ulnes handballag, der eg var keeper heilt til eg var 47 år gamal. Vi hadde eit godt handballag i mange år, og i 1973 rykka vi opp til 2. divisjon. Heile bygda var sterkt engasjert, og det kokte når vi spelte kampar. Heimekampane måtte vi spele i Golhallen, sidan det ikkje var hall i Valdres. Og ein periode var det endatil køyreforbod på sundagane, og då var vi nøydde til å ta drosje til kampane. Dei siste 15 åra har eg jobba på Bagn skule, og det har vore heilt fantastisk. For eg brenn for dei unge, og har i jobben prøvd å setje meg inn i kva dei er opptekne av så vi har noko å prate om, slik at dei blir sett, og vi kan vere på lag. Vi har sjølve ei dotter og to barnebarn. Dei er busette i Kristiansand, og vi reiser nedover så ofte vi kan, så vi kan vere saman med dei. Elles har eg vore med i ungdomslaget frå 15-årsalderen, eg har drive med neversløyd i 30 år, og eg har vore med i husflidslaget sidan starten. Den siste tida har vi i husflidslaget vore travle med å få alt klart til opninga av julebutikken på Bagnsmoen den 22. november. Her blir det julemarknad frå torsdag til laurdag fram til 15. desember, der vi har mykje bakst og mange flotte handlaga produkt til sals. Det er om lag 60 personar som har levert varer til oss, så her skulle vere noko for alle! Bagnsmoen er no valt til Sør-Aurdal sin 1000-årsstad. Dette var Valdres sin største handelsstad i si tid, med landhandel frå 1880-åra. Bygningen er godt ivareteken, så her får dei besøkjande oppleve den gode gamaldagse stemninga av landhandel, utan noko kjas og mas. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Ei av dei modigaste avgjerdene eg har teke, var at eg bestemde meg for å selje slektsgarden; Tollefsrud i Begnadalen. Garden er basert på skogsdrift og er også ein gjestegard, og har eit flott våningshus i jugendstil som bestefar min bygde. Her hadde eg ein fantastisk oppvekst, og mykje av identiteten min var knytt til det å vekse opp her. Eg var, og er, veldig glad i garden. Det er mykje historie og tradisjonar knytt til garden, og familien har naturleg nok store forventningar til den som har odel. Min lagnad var å ta over garden – familiens stoltheit – og lenge gjorde eg det som vart forventa av meg: Eg utdanna meg til skogbrukar, og var skogbruksleiar i Valdres i omkring 15 år. Men eg har aldri vore nokon bonde, så eg vaks ifrå garden, og klarte å fri meg frå den forma eg vart støypt i. Eg valde å ta tak i livet mitt, og gå for det eg trur på. Eg følgde hjartet. Ein julaftan fleire år seinare låg det ei gåve frå kona mi under juletreet, som skulle vise seg å endre retning på livet mitt nok ein gong. Det var boka til Morten Schakenda, han som driv bakeriet i Lom. Eg vart heilt oppslukt, kjøpte meg eltemaskin, og byrja å bake i kjellaren heime. Og det tok ikkje lange tida før eg bestemde meg for å starte eit bakeri. Bakeriet i Bagn såg dagens lys i 2014, og er i stadig vekst. No i sumar hadde vi i alt 15 menneske i arbeid. Produkta våre blir selt i butikkar i Valdres og på Dokka, og vi jobbar for å få sleppe til på Gjøvik. Eg er stolt av at eg tok avgjerda om å selje garden den gongen, og at eg våga å bryte med dei tradisjonane og forventningane som ligg i å ha ansvar for ein tradisjonsrik slektsgard, og tok dette oppgjeret med meg sjølv. For eg har erfart at livet blir mykje meir spennande dersom ein er open for endringar. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2025 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑