Det året eg kom til verda, innvigde foreldra mine Tyinkrysset fjellstove. Vi budde her, så vi levde saman med gjestene, vart kjent med mange fine folk, og vart rike på opplevingar. Det var ei fin tid! Sjølv overtok eg drifta etter militærtenesta på slutten av 1970-talet, og dreiv for fullt fram til eg fekk hjarteinfarkt i 2004. Då rådde legen meg til å trappe ned, sidan hjarteproblem, stress og det å vere på jobb heile tida, kanskje ikkje er den heldigaste kombinasjonen! Tre år etter hjarteinfarktet, var eg, kona mi og dei to borna våre ute og køyrde bil ein dag. Kona mi hadde då vore plaga med hovudsmerter ei tid, men undersøkingane ho var gjennom, viste ingen teikn på at noko var gale. Brått vart ho veldig kvalm og fekk intense hovudsmerter, så vi stoppa bilen. Men då ho gjekk ut fall ho om, og vart liggjande midt i vegen. Det vart rekvirert luftambulanse, og på sjukehuset fekk vi beskjed om at ho truleg ikkje ville overleve. Men etter lang tid i kunstig koma vakna ho opp, etter det som viste seg å ha vore ein massiv hjernebløding. Det var ei vanskeleg tid for oss alle, både den store uvissa vi levde i medan ho låg i koma, og etterpå, for heile livet vårt vart snudd opp-ned etter at ho vart sitjande i rullestol, og trong hjelp til det meste. Eg skjønte at eg ikkje kunne drive fjellstova lenger, så eg leigde ut drifta, og er no leiar i Fram Reinlag. Vi har 3000 vinterfôra rein som har beite frå Eidsbugarden til Spåtind, og eg må seie eg kjenner meg privilegert som får ta del i så mange store naturopplevingar saman med desse flotte dyra. Det er eit eventyr! Ei anna endring som følgje av sjukdomane, var at eg fekk eit anna fokus. Eg lærte at pengar ikkje er det viktigaste i livet, men at det som betyr mest og som verkeleg er av verdi, er dei menneska vi har i liva våre. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
På vidaregåande gjekk eg handel og kontor, for eg hadde lyst til å bli revisor. Men far min fekk slag, og var ikkje lenger i stand til å drive firmaet sitt, Solheim Trevare. Så då eg skulle i militæret vart eg overflytt til HV, slik at eg kunne ta meg av firmaet. Dermed vart planane om å bli revisor lagt bort for godt. Her på Solheim Trevare produserer vi alt av innreiingar til hus og hytte, og har no ti personar i arbeid. Det følgjer eit stort ansvar, men også stor fridom, med å drive for seg sjølv, og det er sjølvsagt kjekt å skape arbeidsplassar, og vere til nytte for samfunnet. Eg vart med i støtteapparatet til SAFK i 1992/-93, rett før vi rykte opp til 4.-divisjon. Ti år seinare slo vi oss saman med Fagernes, og snart såg Valdres FK dagens lys. Det vart opprykk til 2.-divisjon, der vi heldt stand i sju sesongar. Av sportslege høgdepunkt vil eg nemne bortekampen mot Ham-Kam som sytte for opprykket til 2.-divisjon, og cupkampen borte mot Brann, med 1200–1400 valdrisar på tribunen. Elles er eg interessert i musikk, særleg prog metal. Eg har mange fine konsertopplevingar å sjå tilbake på, men det er også fint å setje seg ned med ein øl ein laurdag etter ei hard arbeidsveke, ta på seg hovudtelefonen, og drøyme seg bort i musikken. Då eg var 36 år fekk eg hjarteinfarkt, og det var ein real vekkjar. Fram til då hadde eg levd i eit fastgrodd mønster, der eg sa ja til alt. Det høyrest kanskje rart ut, men for meg var det ei lette å havne på intensiven, for då innsåg eg at eg ikkje var så usårleg som eg trudde, og at eg no hadde sjansen til å snu om. Så eg slutta å røykje, byrja å trimme, og la om på kosthaldet. Dessutan vart eg flinkare til å lytte på kroppen, så no kjenner eg mine eigne avgrensingar mykje betre. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2025 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑