Tag

Idrettsinteresse

Tone Englund, Beitostølen, fødd 1956

Foreldra mine ville ikkje vite av meg, så eg vart sett bort til besteforeldra mine då eg var eitt år, og vart adoptert av tanta og onkelen min året etter. Adoptivfaren min jobba i forsvaret så vi flytte mykje rundt, og det lengste vi var på ein stad, var fem år. Derfor slo eg aldri heilt rot nokon stad, men då eg kom til Valdres for fyrste gong i 1975, var det kjærleik ved fyrste blikk! I tida som følgde budde eg fleire periodar på Beitostølen, medan eg reiste ut mellom anna for å gå landbruksskule, lærarskule og idrettshøgskule. Idrett har vore ein viktig del av livet mitt, heilt sidan eg var småjente. Eg dreiv med friidrett i barne- og ungdomsåra, og sprang seinare Oslo Maraton, Holmenkollstafetten, Villmannen og Fjellmaraton, samt Hardhausen, der ein skulle gå Birkebeinaren, springe ein halvmaraton og sykle Trondheim–Oslo i løpet av eit kalenderår. Eg spelte også fotball for damelaget til Øystre Slidre. Men i 2004 vart eg akutt sjuk, og måtte byrje med rullestol vinteren 2006. Det var tøft å snu om frå eit aktivt liv på beina til å bli sitjande i rullestol, samstundes med at eg måtte slåst for å få ein tilrettelagt arbeidsplass. Heldigvis lærte eg noko av alle arbeidsåra i stallen på Helsesportsenteret, og av å ha vore følgjesvein i mange år under Riddarrennet: Eg såg at det gjekk an å leve eit aktivt liv med funksjonshemming, og det gav meg stor inspirasjon. Så i tida som følgde vart det mykje hard trening, men også konkurransar. Til dømes pigga eg Fjellmaraton fem gonger, og Oslo maraton tre gonger. Eg er ute kvar dag, og det likaste eg veit er anten å ri ein tur, eller å pigge ein tur på skikjelke eller i rullestol. Og no vil eg få meg ein fuglehund, for den store draumen er å ri på jakt i dette fjellområdet som eg har tapt hjartet mitt til. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Øyvind Tronstad, Fagernes, fødd 1947

Då eg var 17 år, opplevde eg ei traumatisk hending. Veslesyster mi, som var 13 ½ år, fall på isen, og døydde på sjukehuset to dagar seinare av skadane ho pådrog seg. Fram til systera mi råka ut for denne ulukka, var eg overtydd om at eg skulle bli lege. Men eg gjorde meg nokre erfaringar i dagane som følgde, og slo frå meg legestudiane. Eg satsa i staden på å bli veterinær, og det er ei avgjerd eg ikkje har angra på! Som nyutdanna veterinær, fekk eg tilbod om jobb på Fagernes i januar 1972. Eg tenkte at eg kan vel prøve det eitt år, men eg treivst så godt, at eg har vore her sidan. Og etter 42 år i yrket, vil eg nytte høvet til å rette ein stor takk til alle dei hyggelege og positive husdyreigarane eg fekk møte. Heilt sidan eg var ein smågut, har eg hatt stor interesse for idrett. Eg klypte mellom anna ut bilete frå ulike stemner, noko eg held på med enno. Så, midt på -80-talet, tipsa eg avisa Valdres om ein verdsmeister som budde i dalen, og det kom for ein dag at eg visste mykje om idrett, og idrettsresultat. Dermed vart det arrangert ein duell under Valdresmarken mellom meg og Bjørn Christiansen, som hadde vunne i programmet «Kvitt eller Dobbelt», i greina vinter-OL. Det enda uavgjort. Etter duellen sa Knut Bjørnsen, programleiaren for «Kvitt eller Dobbelt», at eg måtte melde meg på. Eg var med tre gonger; i 1986, 1989 og 1994, og gjekk til topps kvar gong. No er eg og kona pensjonistar, og det stortrivast vi med! Vi har fire barnebarn, alle gutar, i alderen åtte-tolv år, og dei gjekk alle Mellerunden i vinter. Både dei og vi er glade i å gå på ski, og favorittløypa går til Skardåsen! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2025 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑