Tag

Køllstadbygdé

Marianne Hermundstad Grobakken, Køllstadbygdé, Rogne, fødd 1967

Eg vaks opp på Filefjell, vegg i vegg med besteforeldra mine, som dreiv Filefjellstuene. Her hadde eg ein trygg og god oppvekst, med tre systrer og nære vaksenpersonar. Og sidan vi budde så tett på kvarandre, vart vi ein samansveisa familie. Med særleg stor glede ser eg tilbake på alle dei fine stundene saman med bestemor. Bestemor var varm, raus og inkluderande, og eg gjekk heim til henne så ofte eg kunne. Vi hadde ikkje reint få timar saman eg og ho, og eg sette umåteleg stor pris på desse heilage stundene vi to fekk, heilt for oss sjølve. Alle turistane som kom innom, gav meg ein smak av verda utanfor, og eit ynskje om å lære språk. Så då eg som 16-åring flytte for å gå på gymnas på Fagernes, valde eg språklina, med tysk, engelsk og fransk som fag. Deretter reiste eg til Wengen i Sveits for å jobbe som au pair, for å praktisere språka eg hadde lært, og for å sjå landet. Det vart eit supert år i Sveits, der eg fekk oppleve mykje fin natur, og fekk mange gode vener. Så kvar gong det blir vist utfor frå Wengen på TV, sit eg klistra til skjermen, og speidar etter kjente! Etter året i Sveits gjekk eg lærarhøgskulen på Hamar, der eg utdanna meg til barnehagelærar. Dei neste åtte åra var eg styrar i Rogne barnehage, før eg på ny sette meg på skulebenken, og tok utdanning som allmennlærar. Så no jobbar eg på Rogne skule der eg er kontaktlærar for andre klasse, og har undervising i sjuande. Eg trivst veldig godt i læraryrket, som både er krevjande og gjevande. Ein må investere krefter og by på seg sjølv for å få dei gylne augneblinka, så ein treng eit påfyll av energi no og då. Og den likaste måten å gjere det på, er å kome heim etter ein fottur eller skitur, og setje seg godt til rette i godstolen med ei god bok. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Britt Jorunn Bakken, Køllstadbygdé, Rogne, fødd 1968

Etter vidaregåande la eg ut på fleire eventyr. Eit år fekk eg oppleve alt det beste California har å by på, og det var heilt fantastisk!  Då fekk eg sjå at til og med California har kvardagar, men også jordskjelv! Deretter fekk eg jobb på eit cruiseskip, med stopp på stader som Alaska, Hawaii, Mexico, Australia, New Zealand, Tasmania, Fiji, Florida, Karibia og fleire stillehavsøyer. Eg har også jobba i Klosters i Sveits, og er så heldig at eg har fått reist mykje, og har vorte rik på opplevingar. Eg flytte heim til Valdres i 2001, etter å ha teke eit treårig høgskulestudium i produktdesign, med leire som materiale. Men det var fyrst i 2012 at eg tok til å jobbe med leire, takka vere Eli Østengen, som lét meg få låne verkstaden hennar i Volbu. Inspirasjonen bak det eg lagar, finn eg i kulturarven min. Mønstera og motiva er mellom anna henta frå det gamle vaffeljarnet til bestemor, låveroser, valdresbunaden og bunadsskjorter, men også frå ulike dyr og detaljar i naturen. Eg legg sjela mi i arbeidet, og med hendene formar eg gjenstandar som fortel ei historie. Eg likar eit reint uttrykk, og som dekor brukar eg relieff, fordi det gjev litt meir liv. Produkta mine har fått heiderleg omtale frå Norsk Designråd og Norske Industridesignerar, og det er ei anerkjenning som sjølvsagt er artig å få. Dessutan har eg fått eit bestikksett i produksjon hjå Troll-Tinn, og det er stas! Det er kanskje alle utanlandsturane som er årsaka til at det eg lagar er så knytt til det norske, og det ifrå Valdres. For når ein er borte over tid saknar ein det som er heime, og alle minna ein hentar fram, blir sterke og levande. Då kjenner ein tydeleg i hjartet kva som betyr noko, og betre inspirasjon er det vanskeleg å finne! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2025 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑