Tag

Kurs

Dorthe Marie Høyme, Slidre, fødd 1936

Det viktigaste for meg er å vere aktiv og ha noko å gjere, elles er eg ikkje tilfreds. Ved sida av ulike jobbar, gards- og hagearbeid, synest eg det har vore gjevande å vere med i lag og foreiningar. Eg har mellom anna vore styreleiar i husmorlaget og Folkeakademiet, samt medlem av sanitetsforeininga sidan eg var 15 år. Elles driv eg med porselensmåling og skinnfellarbeid, der eg også har halde ei rekkje kurs. Men det som står mitt hjarte nærast, er tida i viseklubben Busserullen, og dei 19 åra eg var leiar for grendehuset Ristetun. Når det gjeld Busserullen, tok vi til å spele i 1976, og heldt det gåande fram til 2015. Vi hadde det utruleg artig i lag, og spelte jamvel inn ei plate i 1996. Etter at vi vart oppløyst, har tre stykke av oss gått saman med to andre songarar, og laga ei ny gruppe som vi kallar Restidn. Vi syng og spelar trekkspel, der hovudsaka er å lage hyggje for andre. Ein gong i månaden er vi på sjukeheimen og på Bergtun for å syngje. Dagane kan bli lange på ein heim, der mange har mista sine næraste, og av ulike årsakar kan slite med tunge tankar. Då kan musikk og song vere eit lyspunkt, som jagar vekk dei mørkaste skyene. Eg har sjølv fått kjenne kva det vil seie å miste nokon av dei næraste. Det var ille nok då mannen min døydde i 1993, men det verste var likevel då dottera mi, Anne Randi, døydde i fjor, etter å ha vore kreftsjuk i to og eit halvt år. Ho klaga ikkje, men eg så kor store smerter ho hadde, og kor mykje ho leid. Det var grusomt å vere vitne til. Det gjeld å ta vare på dei ein er glad i, for ein veit ikkje kor lang tid ein får saman. Og så lenge ein har helse til å vere sosial og ha det kjekt med familie og vener, ja då kan ein få oppleve det som verkeleg er noko verdt. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Nils K. Dokken, Johmsgrendé, Lomen, fødd 1942

Av yrke var eg gardbrukar med mjølkekyr. Dessutan hadde eg pelsdyr for å spe på inntekta. Sonen min tok over garden etter meg, og dreiv med kyr nokre år, men etter at han byrja som smed, og dessutan med lafting og noko saging attåt, vart det ikkje lenger råd for han å halde fram med gardsdrifta. På 1990-talet gjekk eg på eit kurs i husflidslaget, der vi lærte å reparere gamle bruksgjenstandar i tre. Det var Torgeir Holden, som var sløydlærar på ungdomsskulen i Slidre i mange år, som stod for undervisninga. Det var særleg mykje reparasjon av trebidner, der julinga, eller banda, hadde dotte av, eller var øydelagde. Holden dreiv med slik vøling både før og etter at han vart pensjonist, men måtte gje seg då helsa hans vart dårlegare. Han hadde mykje ståande som han ikkje fekk reparert, så han spurde om eg kunne ta over. Og slik vart det. Sidan har eg reparert mange slag bruksgjenstandar for bygdefolket. Dessutan driv eg med ein del anna trearbeid, som lagging, sveiping, dreiing og neverarbeid. Eg og Reidar Haugen, som også driv med trearbeid, reiser rundt med produkta våre på ulike messer i Valdres. Vi har det veldig kjekt i lag, og sidan vi er to, går det an å gå ifrå ein gong i blant, noko som kjem godt med etter nokre kaffikoppar. Elles er eg med på dei årlege amatørskodespela på Johmsborg, som har vorte arrangert dei siste sju-åtte åra. Eg synest det er moro å få til noko saman, og det er viktig at det skjer noko i bygda, for det skapar både trivsel og samhald i grenda. Og det er takk vere eit par eldsjeler som har vore dyktige på regi, samt til å rettleie oss, at det er mogleg å få til desse framsyningane, for utan dei hadde det ikkje vorte noko. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2025 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑