Tag

Skodespel

Jørgen Nordli Holden, Solhauglié, Rogne, fødd 1999

For tida går eg siste året på studiespesialisering, ved Valdres vidaregåande skule. Når skuleåret er omme vil eg jobbe eitt år, før eg mest sannsynleg vil søkje meg inn på barnevernpedagog- eller sosionomstudiet på høgskulen. Vi er nemleg ein fosterfamilie, og det har nok vekt omsorgsgenet i meg, for eg kjenner at eg har lyst til å gjere ein innsats for dei som ikkje har det så bra. Eg har også fått ei større forståing av kva for skilnad ein kan gjere i eit menneske sitt liv, og har fått kjenne kor gjevande det er å hjelpe. Då eg var ein smågut, byrja eg med teater på kulturskulen, der eg var med fram til sjuande klasse. Så vart det ei lita pause, før vi drog i gang ein kabaret i tiande klasse. Etter den tid har eg vore med på dei to siste skodespela på Solhaug 17. mai, og i år er eg med på førestillinga til Ung i Valdres for tredje gong. Neste gong eg skal i elden er 8. februar, då er det premiere på stykket «Ungarsfesten» i regi Ung i Valdres, med framsyning i kulturhuset på Fagernes. Eg har fått hovudrolla i stykket, og gler meg stort til å stå på scena igjen! Det som driv meg, er å glede, og få respons frå publikum, og klare å formidle handlinga og kjenslene i stykket, ut til salen. Dessutan har det å spele revy og teater, og stå på ein scene framfor publikum, gjeve meg ei meistringskjensle, noko som også har gjeve meg større sjølvtillit. Derfor har eg ein draum om å halde fram med teater også i framtida, og har naturleg nok tenkt litt på å søkje meg inn på teaterskulen. Men det er særs vanskeleg å kome inn, dessutan likar eg best bygdehumor og folkekomedie, så det blir vel helst ikkje noko av. Men det hadde sjølvsagt vore moro å stå på ein scene i Oslo, og spele for fullsett sal – så kven veit? (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Anne Heidi Kvam Hillestad, Hensgardane, Hensåsen, Vang, fødd 2000

Eg har vore ein del av folkemusikkmiljøet i Valdres sidan eg var ei småjente. Det heile tok til då eg var seks år, og byrja å danse jazzballett og gamaldans. På ungdomsskulen dansa eg showdans, eg var med på Folkemusikk Ung sine øvingar, og så byrja eg å danse halling. No er eg med og dansar springar på museet annankvar veke, eg har eit vikariat som lærar i showdans på kulturskulen i Vang, i tillegg til at eg dansar mykje heime. Elles byrja eg å spele munnharpe i 2013, og var med på Landskappleiken både i fjor og i år. Utanom Landskappleiken er eg med på kulturkonsertar, og i år fekk eg ein førespurnad om å vere med på sumarsymfonien. Eg øver på munnharpa når høvet byr seg, noko som vil seie om lag ein time kvar dag. Eg går studiespesialisering på Valdres vidaregåande skule, og planen er å gå Musikkteaterhøyskolen etterpå. Det er fordi eg elskar å stå på scenen og formidle ei historie, og kjenne på den sitrande nerven ein får i møte med publikum. No til våren skal eg vere med på ei framsyning under Ung i Valdres, der eg har fått ei rolle i musikalen Ungkarsfesten, og det gler eg meg til! Då Sol av isfolket hadde framsyning på museet i 2010 og 2011, var eg så heldig å få spele «Sol» som lita, noko som var ei utruleg sterk og intensiv oppleving. Det var med profesjonelle skodespelarar, mellom andre Heidi Ruud Ellingsen, som spelte «Sol» som vaksen. Vi fekk god kontakt, og har framleis litt kontakt i dag, og ho vart – og er enno, det store førebiletet mitt som skodespelar. Det var under Sol av isfolket det heile losna, og det var då eg fann ut at det var skodespelar eg skulle bli. Den store draumen er difor å bli ein så attraktiv skodespelar, at eg kan ha det som leveveg. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2025 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑