Tag

Skyting

Ole Edvard Gulsrud, Begna, fødd 1998

På fritida er det skyting, jakt og fiske som er dei store hobbyane mine. Når det gjeld skyting, har eg vore med som deltakar på landsskyttarstemnet sidan eg var 11 år. Det har vorte finaleskyting fleire gonger, og eg har også fått medalje. For konkurranseinstinktet er det ikkje noko å seie på! Når hausten kjem, er det elgjakt som gjeld. Eg er med på jaktlaget til far min, og i fjor haust skaut eg min fyrste elg, noko som var ei stor oppleving! Sidan eg har vakse opp med elva Begna som næraste nabo, har eg ikkje reint få fisketurar bak meg, sumar som vinter. Det har naturleg nok vorte mest fisking i Begna, men eg likar også godt å reise opp på åsen for å fiske. Vi har hytte i Hedalen, og eg kan ikkje tenkje meg noko betre enn når eg tidleg ein fin sumarmorgon dreg ut til Buvassfaret eller Øyvassfaret for å fiske. Då har eg heile dagen heilt for meg sjølv, og alt eg høyrer rundt meg er naturens eigne lydar. Det er ikkje mykje som kjem opp mot det! Eg må likevel vedgå at eg ikkje er så begeistra for å ete fisk, men fiskepinnar går greitt! I fjor haust fekk eg fagbrev som tømrar. Læretida er på to år, og eg var så heldig å få lærlingplass hjå Valdresbygg, der eg også fekk fast jobb etterpå. Den største jobben eg har vore med på var bygginga av NAUS, og akkurat no held vi på å setje opp ein tomannsbustad på Heggenes. Når vi er ferdige der, skal vi til med bygginga av Øystre Slidre helsetun. Det er langt frå den sørlegaste delen av Begnadalen til Øystre Slidre, så eg leiger ein stad i Rogne for å unngå all køyringa. Men eg reiser stort sett heimatt kvar helg, for å slappe av saman med familien. Og foreldra mine synest nok at det kan bli vel mykje avslapping, for eg synest det er godt å sove ut når helga kjem! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Gjermund Granum, Graneisbygdé, Etnedal, fødd 1970

Her på garden har vi 30 mjølkekyr, og ca 60 dyr med smått og stort. Vi driv no å legg planar for bygging av nytt fjøs, med mjølkerobot og delvis automatisert fôring. Dette vil føre til ein meir fleksibel kvardag, både for oss og for sonen vår, som er interessert i å ta over drifta. Kostnaden vil bli på om lag åtte millionar kroner. For ti år sidan byrja vi planlegginga av ein isfabrikk i samarbeid med Gamlestølen, vi lånte pengar, og sette i gang under namnet Gardsis frå Valdres. Vi hadde tilgang til om lag 1200 oppskrifter, og hadde 12–13 av desse i sortimentet vårt. Men vi utvikla eit par eigne smakar også, mellom anna ein is med cognac og ein med kaffi, som vart veldig populære. Desse vart utvikla i samarbeid med høvesvis Braastad og kaffihuset Solberg & Hansen, der kaffi-isen fekk sylv under NM for lokalforedling av mjølkeprodukt. Isane slo godt an, men sidan issesongen er om sumaren – då det er mest å gjere på garden – og vi også hadde starta opp med å lage pultost, vart det for mykje å gjere. Derfor selte vi oss ut, og lét Gamlestølen ta over alt. Når det gjeld pultosten, følgjer vi same oppskrifta som både mor mi og bestemor mi har brukt i fleire titals år. I fjor selte vi vel 600 kg pultost, men etterspurnaden er stor, og vi har som mål å doble produksjonen i år. Elles har vi nokre tomter i Bakkebygda, rett før Gamlestølen, der vi byggjer prisgunstige ferdighytter for sal. Hyttesalet har finansiert investeringane i samband med oppstarten av pultostproduksjonen, og vil vere med å finansiere bygginga av nytt fjøs. Eg har også drive med skyting, og var med på så å seie alle landsskyttarstemna frå 1985 til 2011. Dette var stort sett det vi hadde av ferie kvart år. Men når sonen vår tek over garden, blir det vel ei rå med litt meir fri. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2025 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑