Eg vaks opp på gard i Skjel i Dælsbygd´n, der det vart forventa at eg deltok i gardsarbeidet frå eg var lita. Men det var systera mi som hadde odel på garden, og då tida var mogen for å ta vidare utdanning, visste eg ikkje kva eg skulle velje. Det vart til at eg jobba eitt år, og då fekk eg eit innfall om at eg skulle bli lærar. Og slik vart det. Etter lærarskulen byrja eg på Vestre Slidre skule, der eg har jobba dei ti siste åra. No underviser eg ungdomstrinnet i matte, naturfag og norsk. Eg synest det er fantastisk å jobbe med så mykje flott ungdom, og er heldig som kan vere ein stor del av livet deira. Ingen dag er lik, og eg gler meg til å gå på jobb kvar dag. Eg har vore gift i ti år, og saman har vi to born på tre og åtte år. Mannen min tok over heimgarden sin, og driv med sau. Vi har støl på Johmssyndin, der det korkje er straum eller TV, men vi har radio og fantasien som underhaldning. Tidlegare var eg ein del av folkemusikkmiljøet, og spelte langeleik, song og dansa springar og lagdans. Dette er ei tid eg saknar litt, for her var så rause menneske, og alle var velkomne, gamal som ung. Men med familieliv, jobb og gardsarbeid, strekk ikkje tida til. No driv eg med klatring i Vang saman med dottera mi på åtte år. Dette har vi gjort i snart to år, og det er ei fin øving i koordinasjon og uthald, og gjev dessutan meistringskjensle. Eg har også ein 22 år gamal kaldblodshest. Det er reine terapien for meg, ikkje berre å ri, men også det fysiske arbeidet ved å moke i stallen, og kjenne den særeigne, gode lukta som er her. Under oppveksten lærte vi å vere tolerante, og ha ein aksept for alt og alle. Og eg håpar at eg kan gje borna våre om så berre ein brøkdel av dei verdiane eg fekk i min oppvekst, slik at dei kan bli godt rusta til å takle kvardagen. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Dei fyrste åra mine i arbeidslivet, jobba eg så mykje at eg vart sjuk av det. Eg var fyrst butikksjef for klesbutikken Twins med ansvar for fire butikkar, før eg vart dagleg leiar for klesmerket Ball. Ikkje berre sleit eg meg heilt ut, det kjendest også meiningslaust å berre jobbe for pengar. Eg ville mykje heller gjere noko eg kunne vere stolt av; eg ville hjelpe andre. Derfor tok eg ei rekkje studiar og kurs innan medisin, terapi og massasje, og starta ein klinikk i Oslo som gjekk veldig bra. Sidan eg er veldig glad i fjellet og naturen, og Oslo er hektisk og bråkete, kjøpte eg ei leilegheit på Beitostølen i 2004. Dette vart ein fristad for meg, og det vart mange turar oppover. Men ein dag fann eg ut at eg like gjerne kunne flytte til Beitostølen for godt, for det var her eg likte aller best å vere. På Beitostølen opna eg ein ny klinikk, Helseglad, der eg tilbyr massasje, ulike typar akupunktur, soneterapi, og tre ulike typar healing. Eg er også personleg trenar. For meg er det viktig å gje best mogleg hjelp til så mange som råd, så eg har eit breitt spekter med tilbod. Eg held meg sjølvsagt fagleg oppdatert, og tek stadig utdanningar og kurs for å utvikle meg. Dei ulike behandlingsformene eg tilbyr, med det reint skulemedisinske i kombinasjon med ei åndeleg tilnærming, gjev også ei meir heilskapleg behandling, som betre kan tilpassast kvar enkelt. Om lag 90% av pasientane mine er fastbuande valdrisar, og eg vil nytte høvet til å rette ein stor takk for den tiltrua og openheita dei har vist meg, ved å prøve dei ulike behandlingane mine. Eg angrar ikkje på at eg valte ein annan kurs i livet, for no er eg lykkeleg. Og mykje av det skuldast at det er så mykje meir gjevande å hjelpe folk, enn å berre jage etter pengar. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2025 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑