Tag

Tyinkrysset

Hallgeir Opdal, Tyinkrysset, fødd 1957

Det året eg kom til verda, innvigde foreldra mine Tyinkrysset fjellstove. Vi budde her, så vi levde saman med gjestene, vart kjent med mange fine folk, og vart rike på opplevingar. Det var ei fin tid! Sjølv overtok eg drifta etter militærtenesta på slutten av 1970-talet, og dreiv for fullt fram til eg fekk hjarteinfarkt i 2004. Då rådde legen meg til å trappe ned, sidan hjarteproblem, stress og det å vere på jobb heile tida, kanskje ikkje er den heldigaste kombinasjonen! Tre år etter hjarteinfarktet, var eg, kona mi og dei to borna våre ute og køyrde bil ein dag. Kona mi hadde då vore plaga med hovudsmerter ei tid, men undersøkingane ho var gjennom, viste ingen teikn på at noko var gale. Brått vart ho veldig kvalm og fekk intense hovudsmerter, så vi stoppa bilen. Men då ho gjekk ut fall ho om, og vart liggjande midt i vegen. Det vart rekvirert luftambulanse, og på sjukehuset fekk vi beskjed om at ho truleg ikkje ville overleve. Men etter lang tid i kunstig koma vakna ho opp, etter det som viste seg å ha vore ein massiv hjernebløding. Det var ei vanskeleg tid for oss alle, både den store uvissa vi levde i medan ho låg i koma, og etterpå, for heile livet vårt vart snudd opp-ned etter at ho vart sitjande i rullestol, og trong hjelp til det meste. Eg skjønte at eg ikkje kunne drive fjellstova lenger, så eg leigde ut drifta, og er no leiar i Fram Reinlag. Vi har 3000 vinterfôra rein som har beite frå Eidsbugarden til Spåtind, og eg må seie eg kjenner meg privilegert som får ta del i så mange store naturopplevingar saman med desse flotte dyra. Det er eit eventyr! Ei anna endring som følgje av sjukdomane, var at eg fekk eit anna fokus. Eg lærte at pengar ikkje er det viktigaste i livet, men at det som betyr mest og som verkeleg er av verdi, er dei menneska vi har i liva våre. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Yvonne Mari Mæland Solemsli, Tyinkrysset, fødd 1980

Sidan eg kjem frå ein liten plass – Breim i Nordfjord – grudde eg meg fælt til å reise frå den trygge komfortsonen, og ut i den store verda på eigenhand. Men eg gjorde det likevel, og det angrar eg ikkje på! For det året eg budde i New Jersey i USA, er det mest fantastiske året eg har hatt. Mellom anna fordi eg lærte meg sjølv å kjenne, og derfor vaks som person. Før eg reiste gjekk eg tre år på idrettslina, og fekk då lyst til å sjå verda. Året som au pair i USA inspirerte meg til å ta meir utdanning, så ei tid etter at eg var komen heim flytte eg og mannen min til Trondheim, der eg tok utdanning som førskulelærar. Etter seks år i Trondheim flytte vi til Vang i 2007. Eg byrja som pedagog i Fredheim barnehage, og var også leiar for alle barnehagane i Vang ein periode. No er eg styrar i Høre barnehage, og barnehagefagleg rådgjevar i kommunen. Det å jobbe i barnehage er ein stor del av livet mitt. Når eg kjem på jobb blir eg møtt av smil og latter, eg kan vere meg sjølv, og får brukt dei kreative sidene mine. Vi driv med musikk og dans, går turar, og gjer slikt som eg likar. Kvar dag er positiv. Idrett er, og har vore, ein stor del av livet mitt. Eg har spelt handball, fotball og volleyball, og har drive med friidrett. På fritida trenar eg mine eigne og andre sine born i handball, turn og alpint, og sjølv om eg har høgdeskrekk driv eg med klatring, og køyrer også alpint. Dessutan er eg eigar av treningssenteret i Vang, Gnist, og medeigar i Intersport på Filefjell. Elles er eg glad i musikk, og likar alt frå Sinatra til Metallica. Eg likar også å syngje, men berre heime og i barnehagen! Draumen er å reise meir, for eg er eventyrlysten, og glad i å oppleve andre land. Bali skal visstnok vere fantastisk, så kanskje går neste tur dit? (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2025 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑