Tag

Vangskoret

Shiela Joy Betinala, Lundsmarké, Vang, fødd 1977

Eg vaks opp i Davao City, som ligg i det sørlegaste området på Filippinane. Her utdanna eg meg til sjukepleiar, og jobba fyrst ved ei kreftavdeling, og sidan som lærar innan sjukepleiefaget. Og sjølv om det var ein del uro her, var det fyrst og fremst eit ynskje om forandring i jobben som gjorde at eg flytte til Norge i 2008: Jobben som lærar var ikkje utfordrande nok. Fyrst var eg au pair hjå ein familie i Akershus, før eg fekk jobb på Vangsheimen i juni 2011. Året etter var eg i Moss ein tur, der eg trefte han som skulle bli mannen min. Etter kvart fann vi ut at det skulle bli oss to, og han ville helst bli buande i Moss. Men eg trivst så godt i Vang, at han fekk grei beskjed om at dersom han ville at vi skulle vere saman, måtte han flytte oppover. Og slik vart det! No er eg med på frivilligsentralen, og dei siste fem åra har eg vore med i Vangskoret. Eg har lært mykje dialekt av å vere med i koret, noko som er bra både for meg og pasientane. På Vangsheimen har eg mest nattevakter, men når eg har tid, stikk eg innom og spelar gitar og syng for dei eldre. Då samlast alle, og av dei mest populære songane er Dei nære ting, Blåmann, Blåmann, og Den fyrste song eg høyra fekk. Eg synest det er trist at dei gamle får så lite besøk av familien, sjølv om dei bur i nærleiken. Og noko av grunnen til at eg syng for dei gamle og er med som frivillig, er for at dei ikkje skal ha det så einsamt og trist. Likeins vil eg vere til stades når eit menneske ligg for døden, for det er ikkje bra å vere åleine i ei slik stund. Nyleg søkte eg om norsk statsborgarskap. Ikkje dobbelt, berre norsk. For det er i Norge eg høyrer heime, og det er her eg vil bu. Eg et rakfisk og sursild, og når eg dreg til Filippinane for å besøkje familien, må eg ha med meg brunost! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Ivar Søndrol, Grindaheim, Vang, fødd 1952

Eg driv gard med 14 mjølkekyr, og kona mi er lærar. Vi har støl på Nørre Syndin, men har ikkje hatt stølsdrift etter at eg tok over garden. Men eg har gode minne frå bufarsdagane og dei lange sumrane på stølen, då her var drift. Det var spennande med alle stølsnaboane og hyttefolka, og vi ungane sat på kvar vår mjølkekrakk, og mjøka kyrne for hand. No blir stølen nytta som ein feriestad om sumaren, for så vel oss, som kyrne. Utanom garden, har eg fleire interesser: Eg har gått kurs i sylvsmedarbeid, og har mellom anna laga bunadssylv til dei tre døtrene våre og meg sjølv. Eg likar å ta naturbilete, og har også lisens på drone, der eg har hatt eitt oppdrag for NRK, og så var eg med å filme ein musikkvideo i Jotunheimen. Dessutan er eg glad i musikk, og har vore med som friviljug under Vinjerock kvart år, der den største musikalske opplevinga så langt, er Madrugada. Elles er Pink Floyd favorittbandet, og eg har vore på to konsertar med Roger Waters, og skal på ein ny no i sumar. Men den interessa som har teke det meste av tida mi, er songlaget. Sidan enkelte i koret likte å drive med revy og kabaret, har vi i ei årrekkje hatt ulike framsyningar. Olav Gullik Bø har forsynt oss med manus ved eit par høve, mellom anna til stykket om Aasmund Olavsson Vinje som vart vist på Eidsbugarden i 2001 og 2002, der eg spelte hovudrolla. Eg har fått erfare at alt ikkje er like lett heile tida. Av dei opplevingane som sit hardast i meg, var då den eine dottera vår var seks veker gamal, og vart lagt inn på sjukehus med hjernebetennelse. Det enda med at ho vart hjerneskadd. Men sjølv om det gjekk gale den gongen, har ho det heldigvis bra i dag. For no bur ho i si eiga leiligheit, sjølv om ho treng ein del hjelp. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2025 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑