Tag

Aktivitetstilbod

Ann Kristin Nysveen, Skogli, Etnedal, fødd 1989

Frå eg var lita tok foreldra mine meg ofte med ut på turar, og alle desse fine stundene i naturen har vore med å forme meg til den eg er i dag. For eg lever eit aktivt liv, og har stor glede av jakt og friluftsliv, og er ofte på turar anten på ski, truger eller til fots. Og hundane mine, Tascha og Idefix, er med meg kvar enn eg dreg! Av yrke er eg lærar ved barneskulen på Fagernes, og er hovudtillitsvalt i Utdanningsforbundet. Jobben er intens, og i tillegg til jobb og friluftsaktivitetar trenar eg ein del, og eg har også ansvar for volleyballtreninga i etnedalshallen ein gong i veka. Dessutan har eg kjøpt eit småbruk som eg ynskjer å ruste opp og få noko ut av, og eg har også ein del planar for to gamle stølar oppe i åsen, så det er nok å henge fingrane i! Pappa er skogbrukar, og har skjøtta skogseigedomen vår på beste vis, medan mamma har rydda kilometervis med turstigar, så dei har på kvar sin måte lagt godt til rette for framtidige generasjonar. Eg ynskjer å vidareføre det gode arbeidet dei har gjort, og har eit mål om å få til ulike aktivitetar for born og unge. For bygda har ein stor plass i hjartet mitt, og eg håpar at planane mine kan ende opp med å bli ei lita næring, og at innsatsen kan vere med på å gjere Etnedal meir attraktiv. Så utdanningane mine innan økonomi, personalutvikling og leiing vil nok kome godt med framover, og eg er sikker på at eg også får med meg nyttige erfaringar frå styret i DNT Valdres, der eg nyleg er valt inn. Sidan eg lever eit så aktivt og hektisk liv, set eg ekstra stor pris på dei stille stundene når eg kan slappe av og gjere ingenting. Då likar eg å gå meg ein tur ut i skogen eller åsen, og fyre opp eit bål. Så steikjer eg gjerne mat på bålet, før eg finn fram svartkjelen, og kokar kaffi. Desse augeblikka er gull verdt, og eg veit å nyte dei! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Øystein Skattebu, Rogne, fødd 1985

Eg er ein fyr med skapartrong og mange ulike interesser. Som ung prøvde eg det meste av idrett og aktivitetar, men likte best fotball og ski. Å ha det moro har alltid vore det viktigaste, og eg har alltid vore for nysgjerrig og utolmodig med å prøve nye ting, til å bli skikkeleg god i ein spesiell grein. På ungdomsskulen byrja eg å spele trommer i band med nokre kameratar. Dei neste 15 åra tok musikken det meste av fokuset og fritida, og eg var klart ein av dei minst ambisiøse idrettslinjeelevane på vidaregåande. Eg er utdanna adjunkt med musikk og historie frå Høgskulen i Volda. Tidlegare jobba eg i kulturskulen og som aktivitetsleiar ved ungdomshuset i Ørsta, men no er eg ungdomskonsulent i Øystre Slidre. Ved sidan av jobbar eg i Valdresskigard, og syslar litt som møbelsnikkar. Det blir ikkje så mykje tid til musikk for tida, men det kan fort snu. Eg ivrar for at ungdom skal få vere med på aktivitetar dei er opptekne av, der dei vert del av eit miljø, uansett interesser eller føresetnader. Som ungdomskonsulent er eg med å skape nye rammer for slikt arbeid i kommunen, gjennom oppføring av nytt ungdomshus, og i utforminga av tilbodet vi skal tilby frå hausten. Mitt ynskje er å skape ein arena der all ungdom kan oppleve meistring og samhald, med utgangspunkt i den enkelte sine interesser og behov, med særleg fokus på nye aktivitetar som er litt smale, sære, eller kanskje litt ”for moderne” for Valdres. Sjølv hadde eg ein god oppvekst med mange aktivitetstilbod, gode vener og ein fin familie, i ein kommune og region som la til rette for den aktiviteten vi ungdomane ville drive med. Eg er stolt av, og har stor respekt for å kunne vere med å føre denne tradisjonen vidare. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2025 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑