Tag

Eventyrlyst

Britt Jorunn Bakken, Køllstadbygdé, Rogne, fødd 1968

Etter vidaregåande la eg ut på fleire eventyr. Eit år fekk eg oppleve alt det beste California har å by på, og det var heilt fantastisk!  Då fekk eg sjå at til og med California har kvardagar, men også jordskjelv! Deretter fekk eg jobb på eit cruiseskip, med stopp på stader som Alaska, Hawaii, Mexico, Australia, New Zealand, Tasmania, Fiji, Florida, Karibia og fleire stillehavsøyer. Eg har også jobba i Klosters i Sveits, og er så heldig at eg har fått reist mykje, og har vorte rik på opplevingar. Eg flytte heim til Valdres i 2001, etter å ha teke eit treårig høgskulestudium i produktdesign, med leire som materiale. Men det var fyrst i 2012 at eg tok til å jobbe med leire, takka vere Eli Østengen, som lét meg få låne verkstaden hennar i Volbu. Inspirasjonen bak det eg lagar, finn eg i kulturarven min. Mønstera og motiva er mellom anna henta frå det gamle vaffeljarnet til bestemor, låveroser, valdresbunaden og bunadsskjorter, men også frå ulike dyr og detaljar i naturen. Eg legg sjela mi i arbeidet, og med hendene formar eg gjenstandar som fortel ei historie. Eg likar eit reint uttrykk, og som dekor brukar eg relieff, fordi det gjev litt meir liv. Produkta mine har fått heiderleg omtale frå Norsk Designråd og Norske Industridesignerar, og det er ei anerkjenning som sjølvsagt er artig å få. Dessutan har eg fått eit bestikksett i produksjon hjå Troll-Tinn, og det er stas! Det er kanskje alle utanlandsturane som er årsaka til at det eg lagar er så knytt til det norske, og det ifrå Valdres. For når ein er borte over tid saknar ein det som er heime, og alle minna ein hentar fram, blir sterke og levande. Då kjenner ein tydeleg i hjartet kva som betyr noko, og betre inspirasjon er det vanskeleg å finne! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Yvonne Mari Mæland Solemsli, Tyinkrysset, fødd 1980

Sidan eg kjem frå ein liten plass – Breim i Nordfjord – grudde eg meg fælt til å reise frå den trygge komfortsonen, og ut i den store verda på eigenhand. Men eg gjorde det likevel, og det angrar eg ikkje på! For det året eg budde i New Jersey i USA, er det mest fantastiske året eg har hatt. Mellom anna fordi eg lærte meg sjølv å kjenne, og derfor vaks som person. Før eg reiste gjekk eg tre år på idrettslina, og fekk då lyst til å sjå verda. Året som au pair i USA inspirerte meg til å ta meir utdanning, så ei tid etter at eg var komen heim flytte eg og mannen min til Trondheim, der eg tok utdanning som førskulelærar. Etter seks år i Trondheim flytte vi til Vang i 2007. Eg byrja som pedagog i Fredheim barnehage, og var også leiar for alle barnehagane i Vang ein periode. No er eg styrar i Høre barnehage, og barnehagefagleg rådgjevar i kommunen. Det å jobbe i barnehage er ein stor del av livet mitt. Når eg kjem på jobb blir eg møtt av smil og latter, eg kan vere meg sjølv, og får brukt dei kreative sidene mine. Vi driv med musikk og dans, går turar, og gjer slikt som eg likar. Kvar dag er positiv. Idrett er, og har vore, ein stor del av livet mitt. Eg har spelt handball, fotball og volleyball, og har drive med friidrett. På fritida trenar eg mine eigne og andre sine born i handball, turn og alpint, og sjølv om eg har høgdeskrekk driv eg med klatring, og køyrer også alpint. Dessutan er eg eigar av treningssenteret i Vang, Gnist, og medeigar i Intersport på Filefjell. Elles er eg glad i musikk, og likar alt frå Sinatra til Metallica. Eg likar også å syngje, men berre heime og i barnehagen! Draumen er å reise meir, for eg er eventyrlysten, og glad i å oppleve andre land. Bali skal visstnok vere fantastisk, så kanskje går neste tur dit? (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2025 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑