Eg driv gard med 14 mjølkekyr, og kona mi er lærar. Vi har støl på Nørre Syndin, men har ikkje hatt stølsdrift etter at eg tok over garden. Men eg har gode minne frå bufarsdagane og dei lange sumrane på stølen, då her var drift. Det var spennande med alle stølsnaboane og hyttefolka, og vi ungane sat på kvar vår mjølkekrakk, og mjøka kyrne for hand. No blir stølen nytta som ein feriestad om sumaren, for så vel oss, som kyrne. Utanom garden, har eg fleire interesser: Eg har gått kurs i sylvsmedarbeid, og har mellom anna laga bunadssylv til dei tre døtrene våre og meg sjølv. Eg likar å ta naturbilete, og har også lisens på drone, der eg har hatt eitt oppdrag for NRK, og så var eg med å filme ein musikkvideo i Jotunheimen. Dessutan er eg glad i musikk, og har vore med som friviljug under Vinjerock kvart år, der den største musikalske opplevinga så langt, er Madrugada. Elles er Pink Floyd favorittbandet, og eg har vore på to konsertar med Roger Waters, og skal på ein ny no i sumar. Men den interessa som har teke det meste av tida mi, er songlaget. Sidan enkelte i koret likte å drive med revy og kabaret, har vi i ei årrekkje hatt ulike framsyningar. Olav Gullik Bø har forsynt oss med manus ved eit par høve, mellom anna til stykket om Aasmund Olavsson Vinje som vart vist på Eidsbugarden i 2001 og 2002, der eg spelte hovudrolla. Eg har fått erfare at alt ikkje er like lett heile tida. Av dei opplevingane som sit hardast i meg, var då den eine dottera vår var seks veker gamal, og vart lagt inn på sjukehus med hjernebetennelse. Det enda med at ho vart hjerneskadd. Men sjølv om det gjekk gale den gongen, har ho det heldigvis bra i dag. For no bur ho i si eiga leiligheit, sjølv om ho treng ein del hjelp. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
For tida går eg siste året på studiespesialisering, ved Valdres vidaregåande skule. Når skuleåret er omme vil eg jobbe eitt år, før eg mest sannsynleg vil søkje meg inn på barnevernpedagog- eller sosionomstudiet på høgskulen. Vi er nemleg ein fosterfamilie, og det har nok vekt omsorgsgenet i meg, for eg kjenner at eg har lyst til å gjere ein innsats for dei som ikkje har det så bra. Eg har også fått ei større forståing av kva for skilnad ein kan gjere i eit menneske sitt liv, og har fått kjenne kor gjevande det er å hjelpe. Då eg var ein smågut, byrja eg med teater på kulturskulen, der eg var med fram til sjuande klasse. Så vart det ei lita pause, før vi drog i gang ein kabaret i tiande klasse. Etter den tid har eg vore med på dei to siste skodespela på Solhaug 17. mai, og i år er eg med på førestillinga til Ung i Valdres for tredje gong. Neste gong eg skal i elden er 8. februar, då er det premiere på stykket «Ungarsfesten» i regi Ung i Valdres, med framsyning i kulturhuset på Fagernes. Eg har fått hovudrolla i stykket, og gler meg stort til å stå på scena igjen! Det som driv meg, er å glede, og få respons frå publikum, og klare å formidle handlinga og kjenslene i stykket, ut til salen. Dessutan har det å spele revy og teater, og stå på ein scene framfor publikum, gjeve meg ei meistringskjensle, noko som også har gjeve meg større sjølvtillit. Derfor har eg ein draum om å halde fram med teater også i framtida, og har naturleg nok tenkt litt på å søkje meg inn på teaterskulen. Men det er særs vanskeleg å kome inn, dessutan likar eg best bygdehumor og folkekomedie, så det blir vel helst ikkje noko av. Men det hadde sjølvsagt vore moro å stå på ein scene i Oslo, og spele for fullsett sal – så kven veit? (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Eg er med på den årlege kabareten i regi Røn musikklag, der eg denne vinteren var med for nittande gong. Dessutan er eg med på revyane som bygdekvinnelaget skipar til, kvar syttande mai på samfunnshuset i Røn. Eg må seie at særleg revyane syttande mai er artige å vere med på. Då er det fullt hus, stemninga er høg, og latteren sit laust. Førestillinga blir sett opp to eller tre gonger, men ingen av førestillingane er heilt like. Dette kjem av at vi likar å improvisere, med fleire spontane replikkar som ikkje er avtalt på førehand. Og eg kan love deg at det mange gonger er vanskeleg å halde seg alvorleg! Sist haust var eg så heldig å få vere mellom dei utvalde valdrisane som vart inviterte til kongeparet sin hagefest i Slottsparken. Det var veldig høgtideleg, og det var flott å sjå alle bunadane, samedraktene og dei festkledde menneskja. Det var sjølvsagt ei stor ære å få vere med, og ei oppleving eg seint vil gløyme. Elles er eg oppteken av politikk, og sit no mi fjerde periode i kommunestyret, der eg representerer bygdelista. Eg har eit gardsbruk der eg driv med grasproduksjon, dessutan likar eg å gå på elgjakt om hausten. Vi er sju stykke som jaktar i åsen ovanfor Slidre, og her er det så godt med dyr, at vi ikkje har problem med å fylle kvota vår. Av meir personlege erfaringar, opplevde eg å miste syster mi i 1992. Ho døydde av kreft, 30 år gamal. Ein gjer seg naturleg nok opp nokre tankar når nokon av eins næraste døyr, særleg når dei går bort så unge. For det er ingen sjølvfølgje at ein skal leve lenge, så ein får gjere det beste ut av den tida ein har. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2025 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑