Tag

Krig

Ali Rezek Alarmaleh, Røn, fødd 1980

Eg byrja å arbeide då eg var sju år. Kvar dag etter skuletid jobba eg med jarn i bedrifta til onkelen min, noko eg held fram med til eg var 15. Deretter var eg tilsett i ein møbelfabrikk i tre år. Men far min var streng, og forlangte at eg skulle følgje den greina av islam som han sjølv levde etter. Det ville ikkje eg. Eg ville vere fri til å bestemme over mitt eige liv, og til å tenkje, og leve slik eg sjølv syntest var best. Derfor såg eg meg nøydd til å flytte frå heimstaden min, Homs i Syria, då eg var 18 år, og fyrste stopp var Libanon. I Libanon fekk eg fridom til å gjere som eg ville. Eg fekk ein god jobb og var sjef for 15 tilsette, løna var veldig bra, og eg fekk mange vener. Eg sende jamleg pengar heim til familien, og bidrog til at dei kunne byggje seg hus. Men mange konfliktar spreidde seg til Libanon, og livet vart stadig vanskelegare. Så eg flykta etter kvart til Jordan, og seinare til Qatar. Og i 2015 kom eg til Norge via Tyrkia og Hellas. Her i Valdres har eg fått alt eg drøymde om: Ein god jobb hjå Grønvold snikkarverkstad, hus, fin familie med kone og born, og ein stad der vi trivst med å bu. Vi har fått eit nettverk i Valdres, og er veldig godt nøgde med livet. Før vi gifte oss, sa eg til kona mi at eg ikkje vil samle på, og bli rik på pengar, for eg ynskjer å dele med andre. Og eg håpar eg kan gje noko tilbake til Norge, til menneska og til arbeidsplassen min. For noko av det som har gjort sterkast inntrykk på meg, var å få oppleve dei menneska som hjelpte flyktningar i Norge, men også i Hellas i 35–40° varme, sjølv om dei ikkje kjende oss, og vi kom frå ein annan kultur. Dei gav oss all mogleg hjelp, og dei gav oss sine hjarter. Og når eit menneske gjev av hjartet, gjev det noko som ikkje alle pengar i heile verda kan gje. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Nirouz Dawod, Bruflat, fødd 1989

Syria var eit fantastisk land før krigen braut ut i 2011. Her utdanna eg meg innan økonomi ved universitet, og takk vere gode karakterar, fekk eg jobb med ein gong. Men etter tre år i jobben måtte eg slutte grunna krigen. Tilhøva for oss kurdarar var særs vanskelege, mellom anna vart to av brørne mine drepne i løpet av eitt år. Etter å ha flykta frå to ulike stader i Syria, enda vi opp i Istanbul. Det kom mange flyktningar hit, og det var mykje uro. Vi var her i 10 månader, men det kjendest som 10 år. Deretter vart eg og syskena mine busette i Norge og Sverige via FN. Det var ikkje lett å reise frå vener og familie, og kome til ein stad der alt var framand, der eg måtte venje meg til ein ny kultur, og lære eit heilt nytt språk. Men det gjekk seg til, for etnedølane er snille og hjelpsame, og det kjendest som eg var del av ein stor familie. Eg trivst veldig godt, og saknar ikkje Syria, for der vart eg fråteken framtida mi, tryggleiken min, og familien min. Norge er landet mitt no. Dei siste tre månadane har eg hatt språkpraksis i Etnedal kommune, og eg skal vere her tre månader til. Det er mykje lettare å lære språket når ein høyrer korleis det blir brukt, dessutan rettar kollegaene mine på meg viss eg seier noko feil. Elles ser eg norsk tv og høyrer på norsk radio, og eg har ein del norske vener, noko som hjelper meg å lære språket raskare. Eg håpar sjølvsagt eg får meg jobb når praksisperioden er omme, helst i kommunen, sidan eg har vorte teken så godt imot her. Men enn så lenge har eg full fokus på språkpraksisen, der eg vil gjere mitt beste for så vel kommunen som arbeidsmiljøet. For eg ynskjer å gje noko tilbake til staden, og landet, som gav meg tryggleiken tilbake. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2025 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑