Tag

Slappe av

Ann Kristin Nysveen, Skogli, Etnedal, fødd 1989

Frå eg var lita tok foreldra mine meg ofte med ut på turar, og alle desse fine stundene i naturen har vore med å forme meg til den eg er i dag. For eg lever eit aktivt liv, og har stor glede av jakt og friluftsliv, og er ofte på turar anten på ski, truger eller til fots. Og hundane mine, Tascha og Idefix, er med meg kvar enn eg dreg! Av yrke er eg lærar ved barneskulen på Fagernes, og er hovudtillitsvalt i Utdanningsforbundet. Jobben er intens, og i tillegg til jobb og friluftsaktivitetar trenar eg ein del, og eg har også ansvar for volleyballtreninga i etnedalshallen ein gong i veka. Dessutan har eg kjøpt eit småbruk som eg ynskjer å ruste opp og få noko ut av, og eg har også ein del planar for to gamle stølar oppe i åsen, så det er nok å henge fingrane i! Pappa er skogbrukar, og har skjøtta skogseigedomen vår på beste vis, medan mamma har rydda kilometervis med turstigar, så dei har på kvar sin måte lagt godt til rette for framtidige generasjonar. Eg ynskjer å vidareføre det gode arbeidet dei har gjort, og har eit mål om å få til ulike aktivitetar for born og unge. For bygda har ein stor plass i hjartet mitt, og eg håpar at planane mine kan ende opp med å bli ei lita næring, og at innsatsen kan vere med på å gjere Etnedal meir attraktiv. Så utdanningane mine innan økonomi, personalutvikling og leiing vil nok kome godt med framover, og eg er sikker på at eg også får med meg nyttige erfaringar frå styret i DNT Valdres, der eg nyleg er valt inn. Sidan eg lever eit så aktivt og hektisk liv, set eg ekstra stor pris på dei stille stundene når eg kan slappe av og gjere ingenting. Då likar eg å gå meg ein tur ut i skogen eller åsen, og fyre opp eit bål. Så steikjer eg gjerne mat på bålet, før eg finn fram svartkjelen, og kokar kaffi. Desse augeblikka er gull verdt, og eg veit å nyte dei! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Tone Skogen Halnes, Måfå, Heggenes, fødd 1974

Etter ungdomsskulen flytte eg heimanfrå for å ta vidaregåande skule, og tok utdanning som sveisar. Dei neste åra budde eg i hovudsak på Sørlandet, og vart rik på opplevingar. Mellom anna var eg hundeførar, eg dreiv ein Statoilstasjon og eit parkeringshus i Oslo, og ein Narvesenbutikk i Kristiansand. Eg var også mange år i forsvaret, som på den tida var sterkt mannsdominert. Der lærte eg å setje grenser, men også å setje meg høge mål. Då eg kom tilbake til Valdres i 2009 var eg med å starte opp Bufar, der vi forsøkte å få folk til å flytte til, og jobbe i Valdres. Deretter byrja eg som butikksjef på Coop Marked i Rogne, før eg til slutt enda opp som butikksjef på Coop Prix i Heggenes. Dette er ingen ni til fire jobb, og eg er «på» heile tida. Her er 15 tilsette med kvar sine behov, og eg er oppteken av at alle skal få vere seg sjølve, og få gje uttrykk for sine meiningar. Etter ein lang dag på jobb er det godt å setje seg på hesteryggen, for det gjev ei god avkopling. Eg har vore hestejente heilt frå eg var lita, og fekk tidleg min fyrste hest, ein islandshest. Sidan har eg vore eigar av nokre varmblodshestar, og har no to Shagya-araberar. Mannen min har også ein Shagya-araber, samt ein dølahest. Saman driv vi hestetrening, der vi hjelper hesteeigarar med alt frå temjing til utstillingsførebuing, og tilbyr turar for dei som har eigen hest. Men eg har også andre måtar å kople av på, for eg kosar meg stort når eg kan ta meg ein tur til skogs, der eg fyrar opp eit bål og kokar meg kaffi. Så tek eg inn lydane og synsinntrykka rundt meg, og nippar til kaffien som eg kanskje har hatt ein klunk med Baileys i, og let roa sige innover meg. Etter ein slik tur kan eg ta fatt på ei ny hektisk veke, med fornya krefter. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2025 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑