Eg er nok ikkje den typiske mønsterbonden, for som gardbrukar ynskjer eg å leggje opp dagen min, og livet mitt, meir som eg vil. Ein stor del av det handlar om å vere inkluderande. Mykje av bakgrunnen for dette, kan skuldast at eg frå eg var ein smågut fekk vere med foreldra mine på bilturar til dømes til Tyrkia, på ei tid det var høgst uvanleg å feriere på desse kantar. Slik fekk eg tidleg eit nært forhold til det framande, og heilt sidan eg flytte frå Oslo til Sparstad 17 år gamal, har det kome mange vener og gjester frå inn- og utland hit, mellom anna for å hjelpe til på garden. Gjennom året er det folk frå fleire nasjonar og kulturar innom, og ein gong talte eg 13 ulike språk rundt middagsbordet. Og når det er mykje folk rundt bordet, og vi har lange samtalar på tvers av kulturar, då kosar eg meg veldig! Verda kjem hit, så vi treng ikkje reise ut for å oppleve verda! Eg er oppteken av kommunikasjon, og meiner at kva og korleis vi kommuniserer med kvarandre, er viktig. Då kan det å vere utstyrt med ein god porsjon nysgjerrigheit vere nyttig, slik at ein betre kan sjå og forstå den ein kommuniserer med, anten det er dyr eller menneske. Elles er eg interessert i musikk og spelar litt gitar og fele, og så er eg glad i å synge. Dessutan likar eg å lage mat, og har fleire eigenkomponerte spesialitetar. Eg må også nemne at eg er veldig oppteken av historie, og at eg likar å gjere meg opp tankar om korleis det var før i tida, og korleis alt heng saman. Den siste tida har helsa vorte dårlegare, og det har fått meg til å tenkje meir på framtida til garden. Og eg trur at dersom garden skal overleve må det eit samarbeid til, der meir enn ein familie kan bu og skape seg ein arbeidsplass, og eit liv, med garden som utgangspunkt. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Vi tok over garden i 1989, og har no 26 mjølkekyr og om lag 30 ungdyr. Vi har óg leigd to kvoter. Stølen som høyrer til garden ligg på Etnesenn, men i 1999 fekk vi oss støl på Grøslien, som er berre om lag halvparten så langt som til Etnesenn. På Grøslien er det eit tun med 10 hus, der alle har skifertak. Vi har restaurert seks av husa, det eldste er frå 1860. På stølane har vi vore kvar sumar sidan vi tok over drifta, med unntak av det fyrste året. Eg er veldig sosial, og likar godt å «laupe». Elles prøver eg å vere til hjelp om eg blir spurt, og eg likar å vere med på det som skjer i bygda. Men det er garden som tek opp det meste av tida mi, den er både ein jobb og ein livsstil. Sidan vi tok over drifta for snart 30 år sidan, har vi berre vore på ein ferietur, og då var vi borte i tre dagar. På veggen bak meg heng nokre av dei prisane vi har fått av Tine for mjølka vår. Den lengst borte er 20-års merket, der kravet er at ein skal ha levert elitemjølk i minst 20 av 22 år. Men den gjævaste prisen er nok sylvtina vi har fått. For å få den må ein levere elitemjølk 15 år samanhengande, så den er eg nok litt ekstra stolt over. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2025 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑